Farleg elder god?

5 Apr 2017

 Dagen då David lærte gudsfrykt

 

Som ganske nybakt mamma, er det frykteleg å tenke på om jenta mi nokon gong skulle vere redd meg. Likevel lærar vi å frykte Herren som er vår far. Dette uttrykket har plaga meg i mange år. Eg veit at å «frykte Herren» inneber ein slags ærefrykt, men kvifor må Bibelen bruke akkurat dette ordet? Kva slags Gud vil at vi skal frykte han? Og kva slags foreldre ønskjer vel at barna deira skal vere redde for dei?

 

David og paktkista

Noko som har hjelpt meg, er å hugse at på Det gamle testamentets tid var frykt ein av dei viktigaste måtane folk relaterte til dei ulike gudane sine på. Med det i bakhovudet er det kanskje ikkje så rart at Bibelen også bruker dette ordet rundt Gud. Men korleis skildrar Bibelen eigentleg denne gudsfrykta? I 1 Krøn. 13-15 les vi om tida då David først vart konge. Ein av dei aller første tinga han ville gjere var å bringe paktkista tilbake til Israel. Paktkista, sjølve symbolet på Guds nærvær, hadde vore i hendene til filisterane i lang tid. Men David skjøna at dersom Gud er viktig, då måtte symbolet på nærværet hans vere det også. Difor arrangerte han ein gedigen velkomstfest, sette kista på ei vogn og trakk den til Jerusalem ved hjelp av oksar. I løpet av turen byrja vogna å skrangle, og Ussa, ein av førarane, rekte ut handa for å hindre kista frå å dette. Men då vart Gud brennande harm og drap han.

 

Motiva var gode, men …

Kva i all verda? David gjorde jo det rette; han førte gudsnærværet tilbake til Israel! Men stude-rer vi nærare, ser vi at det er David, ikkje Gud, som er den kriminelle her. David må ha visst kor-leis han eigentleg burde ha frakta paktkista. I det minste kunne han spurt nokre av levittane som var der for å hjelpe (1 Krøn 13,2). Likevel frakta han kista på same måte som filisterane: på ei ny vogn trekt av oksar (1 Sam 6,7; 1 Krøn 13,7). Den rette måten å transportere paktkista på var jo også innlysande: kista var nemleg utforma med spesielle hol for berestenger (2 Mos 25,12-15).

 

Gud i bagasjeromet

David hadde skjønt kor viktig det var å ha Guds nærvær hos folket, men det ser ut for at han ikkje gadd å bry seg med å finne ut korleis dei skulle handtere det. Tidlegare hadde David spurt Herren korleis ei konkret sak skulle gjerast (2 Sam 5,19;23), men i denne historia gjer han ikkje dette. I staden fann David opp sin eigen plan. Med tretti tusen tilskodarar gjorde han noko tilsvarande til å skysse Gud heim i bagasjerommet på Volvoen sin. Slik vart Guds draum for den nye kongen, og for Israel, satt i fare. På den tida var det vanlig at kongelige, når de reiste, vart bore av menneske. Då skulle det være uhørt å slenge Gud i bagasjerommet. Det vi også veit er at heile Israel var fullt klare over forbodet mot å røre paktkista. Åtvaringa var at alle som gjorde det ville døy (4 Mos 4,15). Så då Ussa tok i kista likevel, vart Gud beint tvungen til å handle; og David stod framleis ansvarleg. Hadde Gud ikkje gjort noko, ville det ha kommunisert både til Israel då og til komande generasjonar, at det ikkje spelte noko rolle korleis dei behandla Guds nærvær. Det ville ha kommunisert at Gud ikkje er så viktig likevel, at han meir var som ein nasjonal maskot. Så Gud drep Ussa. Og den dagen vart David gripen av frykt for Gud. Neste gang han prøva å frakte paktkista inn, gjorde han det på rett måte. 

 

Kjenner vi han?

Dette betyr ikkje det at å frykte Gud handlar om å gjere det rette, eller gjere ting på den rette måten. Dette kan vi vite fordi filisterane som handterte kista likt ikkje vart drepne. Dei visste jo ikkje betre. Det var difor ikkje om å gjere å først og fremst handle rett. Poenget ligg djupare. Det handla om at dei som visste korleis Gud ville bli behandla, likevel oppførte seg arrogante og uavhengige; dei brydde seg altså ikkje nok til å behandle han etter hans eige ønskje. David sjølv seier det slik: «fordi vi ikkje viste han skikkeleg respekt» (1 Krøn 13,15). Å frykte Gud handlar ikkje om alltid å gjere det rette, eller om ikkje å gjere feil. Det er stor forskjell på å frykte konsekvensane av å ikkje lyde Gud og det å frykte Gud sjølv. Det første er menneskesentrert, det andre er sentrert om Gud. Å frykte Gud har å gjere med kva respons hjartet vårt gir på den han er.

 

Guds vener

Eg likar å tenke på gudsfrykt slik: eit godt ekteskap handlar for meg ikkje berre om å elske mannen min, men om å elske han for den han er, og den han er i livet mitt. Eg kan ikkje gi han frukost på senga berre fordi det er noko eg ville sette pris på. Faktisk gir eg han aldri frukost på senga fordi han hatar smular. Å være i eit forhold med Gud er på same måten: Eg elskar han, men eg gjer ikkje mot han nøyaktig slik eg vil han skal gjere mot meg. Eg behandlar han i tråd med den han er og kva rolle han har i livet mitt. Fordi eg veit Gud både kjenner og elskar meg djupare enn eg gjer sjølv, då er det ikkje så vanskelig å ville lyde han, eigentleg. Faktisk, desto meir eg ser av Gud, desto vanskelegare er det å ikkje elske og frykte han for den han er. Salme 25,14 seier at venskap med Herren er for dei som frykter han. Med andre ord; den som ser Gud som han er, og responderer i tråd med det, er ven med Gud.

 

Narnia

I Draumen om Narnia, av C.S Lewis, er det ei scene kor Lucy, eit av borna som har gått gjennom klesskapet til den andre verda, spør Bever om korleis løva Aslan er. Borna har enno ikkje møtt løva. Lucy er nyfiken.

«Ufarleg? Kven sa noko om ufarleg? Sjølvsagt er han farleg. Men han er god», svara Bever.

 

Studer djupare her.

Please reload

Resente artikler

June 25, 2018

June 25, 2018

June 25, 2018

June 25, 2018

Please reload

Arkiv
Please reload

Følg oss
  • Facebook Social Icon
  • Twitter Social Icon
  • YouTube Social  Icon
  • Instagram Social Icon
  • Facebook Social Icon
  • Twitter Social Icon
  • YouTube Social  Icon
  • Instagram Social Icon

© 2019 Ungdom i Oppdrag

Youth With A Mission Norway

MM19 DTS ad.jpg