Gir håp gjennom utdanning

1/7

I Etiopia er det mange jenter som ikkje går på skulen. UIO Skien arbeider for at dette skal endre seg. 4500 barn får no grunnskuleutdanning.

 

På veg til skuleopninga i Simbo, Etiopia, stoppa vi eit par kilometer før reisemålet. Utsikta var god her, meinte sjåføren, så vi trådde ut av bilen og ut i det vakre landskapet, med dei typiske afrikanske trea på marka. Like ved landevegen låg det eit par leirhytter med stråtak, og snart hadde vi ein liten til-skodargjeng som samla seg rundt oss. Ei ung kvinne, med kul på magen og med eit gråtande barn på arma, smilte til oss. Rundt beina hennar gøymde det seg enda to born, og så hadde ho visst ein fjerde ein einkvanstad. «Kor gamal er du?» spurde vi. «24», sa ho og smilte enda ein gong. «Kor gamal er den eldste?», ville vi då vite. «Åtte», svara ho og kasta eit blikk på son sin. Vi fikk vite at ho var kone nummer to til ein mann som hadde «levd veldig lenge». Sjølv hadde ho gått på skule i to korte år. Lengre utdanning kunne ha gjort at ho gifta seg seinare. Men slik vart det ikkje for ho.

Ved hennar side stod det tre unge tenåringsjenter og fnisa sjenert. Dei var alle rundt 15 år gamle, og gjekk i andre klasse på skulen. Dei yngre borna som stimla rundt oss gjekk ikkje på skulen, då det tok over ein time å gå til den nærmaste. 

Vi måtte vidare. I nokre sekund sat vi alle stille i bilen, gripen av liva til dei vi nyst hadde møtt. Korleis kunne firebornsmora halde fram med å smile? Må tenåringsjentene slutte på skulen for å bli gift vekk som kone nummer to eller tre til ein gamal mann om eit år? Er det framtid og håp for dei små?

 

Skule også for jenter

«Denne historia er frå turen vår i november, og er eit godt eksempel på kvifor vi gjer det vi gjer i Etiopia», seier Runar Byberg, nestleiar for UIO Noreg. «Mange jenter veks opp i fattige kår, utan å kunne gå på skule, blant anna fordi vegen er lang og farleg. Dei må bruke dagen på å hente vatn til familien, eller så går dei ikkje på skulen fordi den ikkje er tilrettelagt for jenter,» fortel han, og nemner mangel på toalett som eit eksempel. Utan toalett må maisåker eller anna rundt nyttast. Faren for voldtekt eller tjuveri av barnebruder gjer slike toalettbesøk risikofylte.

 

Vil fjerne hindringar

Utdanning er ein nøkkel for å kome seg ut av fattigdom. Mange stader er der utdaningsmog-legheiter, men forskjellige hindringar gjer det vanskelig for jenter å gå på skulen. «Det er desse hindringane vi prøver å fjerne,» fortel Byberg vidare. Med utdanning treng ikkje nødvendigvis jentene å gifte seg når dei er 15 år gamle. «Dei kan ta ansvar for eige liv, få arbeid og bli gitt ei stemme.» Ved å bygge skular med toalett tett på landsbygder, som ikkje har ein frå før, gjev dei både borna og samfunnet håp for framtida.

 

Ni skular og 4500 born

UIO Skien har i fleire år samarbeida med Harvest Church of God (HCOG) i Etiopia. For ti år sidan blei den første skulen ferdigbygd i Kofale. I november var Runar med på opninga av den niande skulen i Simbo, saman med ei prosjektgruppe frå Noreg. I dag går omkring 4500 born på førskule og skule i desse bygga. Rundt 50 prosent av desse er jenter.

 

Vasspumper og dramaklubb

I tillegg til skulebygningar er det fleire tiltak som blir gjort. Bygging av vasspumper er eit døme. Då slepp jentene å stå i opp til ti timar i kø for å hente vatn, men kan heller tileigne seg kunnskapar på skulen. Skulane fungerer også som eit samfunnshus utanfor skuletida. «Ved hjelp av desse aktivitetane kan vi adressere samfunnsproblem, med eit stort fokus på utdanning for jenter», fortel prosjektleiar frå HCOG, Mekibib Tasew, og gir eit eksempel på ein dramaklubb som hadde framsyning for foreldre og andre frå lokalsamfunnet. Gjennom skodespelet tok dei opp tema som fleirkoneri og likestilling. «I tillegg til at foreldra lyser av stolthet over bornas prestasjon, kan vi også sjå at bodskapet rører ved dei og får dei til å tenke.» Dei har og starta «Jenters utdanningsdag», som ikkje berre blir feira av HCOG sine skoler, men andre også. Dagen er 8. mars.

 

Betre resultat enn statlege skular

I nasjonale evalueringar som blir gjort, kjem skulane til Harvest Church of God betre ut en skulane som staten driv. Prestasjonane til borna er òg betre. Mekibib og dei andre som arbeider med prosjektet, har opparbeida seg store kunn-skapar om kva som fungerer i samarbeid med lokalsamfunnet og korleis ein driv skule på ein god måte. Då dei fleste skulane ligg i områder der over 90 prosent er muslimar, har dei også lært eit og anna om konflikthandtering. Dei blir høgt respektert og prissatt, og legg ikkje skjul på at det er kristne som administrerer skulane. «Ein nøkkel i å arbeide i muslimske områder er å være transparente», kommenterer Mekibib. I skulen blir det ikkje forkynt direkte, men dei lærer blant anna relevane bibelske verdiar. «Vi trur at dette vil bidra til å forandre samfunnet», avsluttar Mekibib.

Please reload

Resente artikler

June 25, 2018

June 25, 2018

June 25, 2018

June 25, 2018

Please reload

Arkiv
Please reload

Følg oss
  • Facebook Social Icon
  • Twitter Social Icon
  • YouTube Social  Icon
  • Instagram Social Icon
  • Facebook Social Icon
  • Twitter Social Icon
  • YouTube Social  Icon
  • Instagram Social Icon

© 2019 Ungdom i Oppdrag

Youth With A Mission Norway

MM19 DTS ad.jpg